STEIN BAKKE

Kort om min bakgrunn:
Eg har alltid hatt glede av å teikna frå eg var liten. Men då det kom til yrkesval og yrkespraksis, blei det ikkje kunstakademi. Eg valde pedagogikken og musikken og eit yrkesliv som lærar og lærarutdannar, og var mange gode år høgskolelektor og etterkvart førsteamanuensis i musikkpedagogikk ved Høgskolen i Bergen.
Då eg flytta for meg sjøl for snart 25 år sidan, tok eg det med å lagabilde meir seriøst. Og etterkvart har det blitt mange teikne- og malekurs. Særleg har og kunstnaren Magnar Moen vore ein viktig læremeister for meg. Magnar lærte meg å bli ein bedre teiknar. Men no i etterkant ser eg at det viktigaste han lærte meg var å sjå og bli sensitiv på uttrykkskvalitetar i visuelle uttrykk. Og det er i stor grad ein føresetnad for all billedskaping.
Ein annan kunstnar som har vore viktig for mi utvikling som malar, er Trygve Amundsen. Han har delt sjenerøst av sine sjølvutvikla maleteknikkar som han på virtuos måte viser i sine eigne bilder - og som eg lenge har ønska å kunna sjøl.
Kva slags bilde er det eg prøver å laga? Eg har følt meg klart mest heime i det figurative, og har lenge vore
mest inspirert av dei gamle meisterane frå renessansen og framover mot ekspresjonismen.
Det kan kanskje desse to bilda illustrera:
Men eg har også våga å gje meg ut på meir abstrakte vågestykke,
som t.d dette:

Det kan det bli meir av.
Så godt som alle mine maleri er malt med akryl.
Og så likar eg å laga datamanipulerte fotografi. Eg har gått gatelangs i
byar – først og fremst Bergen (sjølsagt), men også i byar i utlandet
som Berlin og Krakow og fotografert grafitti og tagging. Desse
manipulerer eg så på PC-en og får bilda trykkt på ulike underlag.
Desse fotografia framstår oftast som abstrakte - som t.d. desse:
UTSTILLINGAR
Eg hadde mi første separatutstilling med maleri og foto på Galleri
Forrest på Paradis. Dette sjarmerande galleriet har noe måtta vika
plassen for nye bustadblokker i Paradiskrysset.
Så har eg hatt ei separatutstilling med abstrakte fotografi på Cafe
Opera i Bergen sentrum.
Elles har det blitt deltaking i fellesutstillingar både på Galleri Skjold på
Nesttun, Galleri Oker på Nesttun og Galler Lotus i Straumevegen ved
Nordåsvatnet.
Og no altså i det nye Gallerie52 på Lilletvedt i Osveien 52 i lag med
kunstner- og galleristkollega Nina Angel Ellefsen.